28. apr, 2020

Dikt av Bente Bratlund

 

Om eg skulle velja
vel eg ikkje superkvinner
eller supermenn.
Eg vel meg dei som har
rifter og arr.
Dei som står oppreiste
etter kampar og nederlag
og har bevart eit varmt hjarte.
Dei som veit at livet har
sine mange sider
og at ingen greier alt.
Eg vel meg dei eg
også kan teia saman med
og som har favn stor nok
til ulike dagar.
Og som eg kan le med
same kor gale det er